– Dette er ei stor og viktig sak, som betyr mykje for mange, og som difor alltid skaper stort engasjement. Vi har fått mange innspel, og vi har hatt dialog med skular, opplæringskontor og arbeids- og næringsliv. Etter ein grundig gjennomgang i møtet, har vi landa eit godt og variert tilbod, som tek omsyn til både elevar og opplæringa dei har rett på, seier Åsmund Berthelsen, leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse.

Vedtaket dannar grunnlaget for opplæringstilbodet som blir lyst ut i januar. Det endelege klassetalet for dei ulike tilboda og på dei ulike skulane blir avgjort til våren, når søkjartala er klare.

Endringar i forslaget til tilbod

Avdelingsdirektøren hadde lagt fram eit forslag til opplæringstilbod, og hovudutvalet vedtok dette med nokre endringar. Fleire av partia la fram alternative forslag i møtet.

– Dette er ei sak vi brukte lang tid på, og slik skal det vere. Det har vore fleire vanskelege vurderingar, og den økonomiske ramma set grenser for kor mange tilbod vi kan lyse ut, seier Berthelsen.

Etter gruppemøte og gode diskusjonar gjorde hovudutvalet vedtak som gjer at forslaget frå avdelingsdirektøren vart vedteke med desse endringane:

  • Austrheim vidaregåande skule: Det blir lyst ut ei gruppe vg2 maritime fag.

  • Dale vidaregåande skule: Det blir lyst ut ei halv gruppe vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag. Det blir teke ut ei halv gruppe vg2 helsearbeidarfag.

  • Eid vidaregåande skule: Det blir lyst ut ei gruppe vg1 studiespesialiserande. Vg2 data og elektronikk vert lyst ut som «Strynmodell»* i kombinasjon med eit av dei andre vg2-tilboda innan utdanningsprogrammet ved skulen.

  • Førde vidaregåande skule: Det blir lyst ut ei halv gruppe på vg3 studieførebuande naturbruk. Det blir lyst ut ei halv gruppe på vg3 landbruk. Det blir teke ut ei gruppe på vg3 påbygg til generell studiekompetanse.

  • Høyanger vidaregåande skule: Det blir lyst ut ei halv gruppe på vg1 studiespesialiserande. Det blir teke ut ei halv gruppe på vg1 helse- og oppvekstfag.

  • Kvam vidaregåande skule: Det blir lyst ut ei halv gruppe på vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag. Det blir teke ut ei halv gruppe på vg2 helsearbeidarfag.

  • Os vidaregåande skule: Det blir lyst ut ei gruppe på vg1 helse- og oppvekstfag SK 3år. Det blir teke ut ei gruppe på vg1 helse- og oppvekstfag.

* Strynmodellen betyr at det blir sett av to til fem elevplassar til eit anna programområde. Det er aktuelt med slike tilbod når det er eit tydeleg, men avgrensa behov for ein spesifikk kompetanse i det lokale næringslivet.

178 fleire elevar neste skuleår

I vedtaket har hovudutvalet tilpassa tal klassar som skal lysast ut etter kor mange elevar som går på dei ulike studieretningane dette skuleåret. I tillegg har dei teke omsyn til auken i tal elevar som går ut frå grunnskulen i Vestland.

Det kjem 178 fleire avgangselevar frå grunnskulane neste skuleår enn det gjorde dette skuleåret, dei fleste i inntaksområde stor-Bergen. Totalt er det venta at totalt 8290 elevar vil starte på vg1 på dei vidaregåande skulane til fylkeskommunen hausten 2024.

Det blir lyst ut til saman 990,4 klassar fordelt på vg1, vg2, vg3 og vg4 for skuleåret 2024/2025. Det betyr at ca. 21 500 elevar kan søke og få skuleplass ved dei fylkeskommunale vidaregåande skulane.