Hendinga er berre observert frå avstand og raset har ifølge politiet truleg gått over fv. 5697 ved Rabbane.

– Det er ein lite trafikkert veg, og meldinga er frå avstand, frå rv. 5 Florøvegen, opplyser politiet sin operasjonsleiar.

Politiet er på veg til staden.

– Vi forsøker å komme i kontakt med nokon frå lokalbefolkninga, seier operasjonsleiar.

Brannvesenet oppdaterer status klokka 13.46.

– Ras over veg. Brannvesenet er framme. Raset er cirka 50 meter bredt, og ingen er tatt av raset.

Vegtrafikksentralen opplyser at fv. 5697 Sandviksvegen er stengt på grunn av jordskredet.

– Entreprenør er tilkalt for å vurdere situasjonen, seier sentralen.

Klokka 19.28 blir det opplyst at det vil bli ny vurdering av vegen måndag 14. august kl. 12.