– Det er god budsjettdisiplin i organisasjonen med berre mindre avvik for dei fleste sektorane. Det vert jobba målretta med økonomioppfølging og tiltak, noko som viser att i resultatet. God økonomistyring gjev finansielle musklar som kjem godt med i den vidare satsinga på å levere best mogleg tenester til innbyggjarane våre, seier fylkesdirektør Rune Haugsdal i ei pressemelding.

– Han framhevar den store innsatsen som tilsette har lagt ned gjennom heile året.  - Eg er stolt og takksam over den viktige jobben alle våre dyktige tilsette gjer kvar einaste dag for å utvikle Vestland, seier han.

Rekneskapen for 2023 er gjort opp i balanse. I samsvar med rekneskapsføresegnene har ein stroke bruk av disposisjonsfond tilsvarande mindreforbruket på 347 millionar kroner. Netto bruk av disposisjonsfond vart etter dette 129 millionar kroner.

Ekstraordinære inntekter gav pluss

Ein stor del av mindreforbruket skuldast høgare inntekter enn budsjettert, mellom anna frå konsesjonskraft, skatt og renter. I løpet av fjoråret fekk fylkeskommunen tilbakeført 187 millionar kroner knytt til sal av konsesjonskraft, som staten tidlegare hadde trekt frå rammetilskotet for 2023. I tillegg gjorde utviklinga i straumprisane positivt utslag for dei ordinære konsesjonskraftinntektene, som vart 28 millionar kroner høgare enn venta.

Tidlegare år har høgare skatteinngang enn budsjettert vore ei hovudforklaring på gode økonomiske resultat. Også i 2023 viser skatteinngangen vekst, men fylkestinget har gjennom året gjort vedtak om å styrke skattebudsjettet med 125 millionar kroner. Rekneskapen viser skatteinngang som er 15 millionar kroner over det reviderte nivået. Tek ein med budsjettjusteringane gjennom året, er skatteveksten samla 140 millionar kroner høgare enn ein la til grunn i det opphavelege budsjettet.

Auka rentenivå har på kort sikt gitt ei meirinntekt på 65 millionar kroner. Som følgje av det høge gjeldsnivået til fylkeskommunen vil renteutgiftene auke monaleg i tida framover. For å demme opp for noko av denne utviklinga, har fylkestinget gjort vedtak om å bremse investeringstakten dei kommande åra.

Raude tal for kollektivdrifta

Trass i ekstraordinære inntekter merkar også fylkeskommunen konsekvensane av dyrtida:

– Utfordringa er særleg knytt til kollektivområdet, som kjem ut med raude tal. Dette skuldast først og fremst den kraftige prisveksten på ulike innsatsfaktorar i driftskontraktane våre, kombinert med lågare inntekter frå buss, båt og bane, fortel Rune Haugsdal.

– Vi gleder oss over at stadig fleire reiser kollektivt og at passasjerane er tilbake etter fleire år med koronapandemi. Samstundes er det ein «mismatch» mellom kostnader og inntekter som vi har behov for å rette opp, dersom vi skal makte å halde tilbodet oppe og aller helst styrke dette, understrekar han.

Satsinga på det grøne skiftet held fram

Fylkeskommunen har høge ambisjonar for den vidare utviklinga av Vestland. Fylket har tatt ei leiande rolle i det grøne skiftet, både gjennom eigne tiltak og tenester og som katalysator og koordinator gjennom satsinga på Grøn region Vestland. Det neste store løftet er knytt til innføringa av nye, utsleppsfrie hurtigbåtar.

– For å lukkast med dette viktige omstillingsarbeidet må vi sikre eit godt finansielt grunnlag. Vestland går i front, men vi er avhengige av statleg støtte for å få dette på plass, framheld fylkesdirektøren.

Stakar ut kursen framover

Fylkeskommunen legg stor vekt på godt samspel og tett samhandling med kommunar, næringsliv, akademia, kultur og frivillige organisasjonar. Dette er også eit bærande prinsipp for den nye regionale utviklingsplanen for Vestland, som er i ferd med å ta form. Planen legg viktige føringar for utviklinga av fylket dei neste fire åra og skal vedtakast av fylkestinget til hausten.

– Vi arbeidar målretta vidare for at Vestland skal vere det leiande verdiskapingsfylket i Noreg. Nyskaping og berekraft står sentralt i denne satsinga. Dette stiller høge krav til samarbeid og koordinering av ressursar på tvers av bransjar og aktørar. Saman skal vi vere ein sterk pådrivar for eit framtidsretta og inkluderande arbeids- og næringsliv, basert på dei regionale fortrinna våre, poengterer fylkesordførar Jon Askeland.

Stor ros til tilsette 

Fylkesordføraren understrekar at målsetjingar og planar berre fører fram ved at dei fylkeskommunale einingane og medarbeidarane følgjer opp.

– Eg vil rose alle tilsette for innsatsen og det gode resultatet for 2023. Eg er imponert over ståpåviljen og det høge faglege nivået i organisasjonen. Samspelet mellom oss folkevalde og administrasjonen vert opplevd som godt og konstruktivt. Det gir oss dei beste føresetnadane for å lukkast med satsingane framover, avsluttar Askeland.

Sentrale nøkkeltal

  • Driftsinntekter: 16 967 mill. kr

  • Driftsutgifter: 14 989 mill. kr (ekskl. avskriving).

  • Netto driftsresultat: 857 mill. kr, tilsvarande 5,1 % av driftsinntektene

  • Renteutgifter: 495 mill. kr

  • Avdrag på lån: 930 mill. kr

  • Investeringar: 5 115  mill. kr

  • Netto gjeldsgrad: 94,7 %

  • Lånegjeld: 16 400  mill. kr