– Ingen kjem nokon gong til å låne bilen sin til meg, seier Andrea og ler.

Ho hadde nemleg parkert og starta arbeidsdagen sin på hotellet der ho jobbar på Stadlandet.

– Eg parkerte, hadde jobba litt og fekk plutseleg beskjed om at eg hadde litt arbeid å gjere ute, fordi bilen min stod i fjøra. Eg trudde ho som sa det tulla med meg, men så måtte eg berre flire, for det var jo litt typisk meg, seier Andrea til Sunnmørsposten etter hendinga.

Og for den som lurer... Ho hadde gløymt å ta på handbrekket.

I etterkant av glippen har ho tulla litt med at det kjipaste var at bilen var fylt opp med halv tank.

23 år gamle Andrea Ivy Øvrebø Ervik måtte berre ta saka med eit smil. Foto: privat

– Det var berre morosamt heile greia, fordi det var så dumt. Men det var ein bil som gjekk framover, og eg hadde nettopp fått skifta vinterdekk og fylt luft i dekka, fortel ho.

– Korleis løyste du saka?

– Eg ringde til eit par lokale «handymen» og etter ei vurdering så måtte vi ringe til Stårheim bilverksted for berging. Dei kom og fiska den opp – bokstaveleg talt.

Framover blir det ein liten kabal for å kome seg på jobb, avslører Andrea.

– Det er eit veldig godt spørsmål korleis eg skal kome meg på jobb no. Først må eg få ho mamma til å køyre meg, og så må det jo bli ny bil då, humrar ho.

Og den skal ha auto-handbrekk, legg ho til...

Bilen måtte fiskast opp. Neste bil Andrea kjøper skal ha auto-handbrekk. Foto: privat