Fylkestinget var samla i Vestlandssalen på Vestlandshuset 17. og 18. oktober. Dei 65 representantane godkjende valresultatet og gav Jon Askeland (Sp) fornya tillit som fylkesordførar. Stian Davies (Ap) er ny fylkesvaraordførar.

Nytt fylkesutval

Fylkesutvalet er det nest øvste politiske organet i fylkeskommunen. Det er arbeidsutvalet til fylkestinget, har møte kvar månad og er leia av fylkesordføraren.

Det nye fylkestinget valde desse til å sitje i fylkesutvalet i den komande perioden: Jon Askeland (Sp), Stian Davies (Ap), Kine Dale (Ap), Karianne Torvanger (Ap), Sigrid Brattabø Handegard (Sp, stiller for Aleksander Øren Heen, som har fått fritak), Marthe Hammer (Sv), Trude Brosvik (KrF), Nils-Anders Nøttseter (MDG), Åsta Årøen (V), Silja Ekeland Bjørkly (H), Noralv Distad (H), Kåre Martin Kleppe (H), Tora Kildehaug (H), Silvia Haugland (H), Terje Søviknes (Frp), Sigbjørn Framnes (Frp), Bjarte Helland (INP).

Fylkestinget for perioden 2023–2027 var samla til konstituerande møte i Vestlandshuset 17. og 18. oktober. Heile 36 av dei 65 representantane er nye. Store delar av møtet var sett av til opplæring i blant anna habilitet og forholdet mellom politikk og administrasjon. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Fire nye hovudutval 

Under fylkesutvalet har Vestland fylkeskommune fire hovudutval. Det er fagutval som jobbar fram saker innan fagfelta sine og som har delegert mynde til å ta avgjersle i nokre saker. Fylkestinget valde 17. oktober nye medlemmar til og leiarar for alle hovudutvala:

Hovudutval for kultur, idrett og inkludering

Kine Bratli Dale (Ap), Marita Oen (Ap), Tonje Såkvitne (Sp), Kaya Stæger-Breisnes (MDG), Arne Normann (KrF), Jacob Nødseth (leiar, V), Alexander Papas (Sv), Kurt Hæggernæs (Pp), John Torsvik (H), Kristin Mjanger (H), Silvia Haugland (H), Sigurd A. Maraas (Frp), Gustav Bahus (Frp), Rita Tonning (R), Tommy Sævereid (INP)

Hovudutval for næring

Siri Sandvik (Ap), Per Jarle Valvatne (Ap), Hege Lothe (SV), Sigrid Brattabø Handegard (Sp), Oddmund Klakegg (leiar, Sp), Nils-Anders Nøttseter (MDG), Marius Hellan Hindenes (V), Beate Dybendahl Nordvik (H), Noralv Distad (H), Lise Strømmen (H), Ida Lutro (H), Silja Ekeland Bjørkly (H), Helge Stormoen (Frp), Terje Søviknes (FrP), Bente Spissøy (INP)

Hovudutval for opplæring og kompetanse

Espen Edvardsen (Ap), Karianne Torvanger (Ap), Nina Haug (Ap), Alexander Fosse Andersen (Sp), Jon Olav Økland (KrF), Åsmund Berthelsen (leiar, SV), Marianne Sæhle (SV), Åsta Årøen (V), Elias Eide (H), Stig Stellberg, Tora Hodneland Kildehaug, Stig Abrahamsen (FrP), Martine Jordana Baarholm (Frp), Jeanette Syversen (R), Bjarte Helland (INP)

Hovudutval for samferdsel og mobilitet

Arve Helle (leiar, Ap), Emil Tomasgaard (Ap), Lillian Vangberg (Ap), Marthe Hammer (SV), Trude Brosvik (KrF), Suzanne Michelle Rødseth (MDG), Marianne Nordhus (Sp), Sigurd Reksnes (Sp), Hanne Eva Kristensen (H), Gunnar Moland (H), Kåre Martin Kleppe (H), Frank Willy Djuvik (Frp), Renate Møgster Klepsvik (Frp), Sigbjørn Framnes (Frp), Trond Tystad (BL).

Åsmund Berthelsen (i midten) var nestleiar i hovudutval for opplæring og kompetanse førre periode. Dei neste fire åra skal han leie same utval. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Leiaren for kontrollutvalet held fram

Vestland fylkeskommune har også eit eige kontrollutval, som skal føre kontroll med den fylkeskommunale forvaltninga på vegner av fylkestinget. Kontrollutvalet skal òg sjå til at fylkeskommunen har ei forsvarleg revisjonsordning og gjev innstilling i revisjonssaker direkte til fylkestinget.

Dag Stian Femoen (H) har vore leiar for kontrollutvalet dei siste fire åra. Han fekk fornya tillit frå fylkestinget og held fram i vervet også i neste valperiode.