Fylkeskommunane i Rogaland, Hordaland, Sogn og fjordane og Møre og Romsdal har på oppdrag frå Vestlandsrådet starta arbeidet med ein felles cruisestrategi for dei fire vestlandsfylka.

Ein viktig del av strategiprosessen er å lytta til næringa og få fram mest mogeleg innspel til strategiarbeidet. Dette vil ein gjere ved å arrangere innspelkonferansar i dei fire fylka.

Talet på cruisegjester til Norge har auka kraftig i løpet av de siste tiåret.

- Om arbeidet med ein felles strategi for cruise skal munne ut i eit dokument reiselivsnæringane vil stille seg bak, er det avgjerande at vi gjennomfører ein god prosess der dei som ynskjer det, får høve til å komme med innspel, seier prosessleiar Trond Amland.

- Vi vil gjennomføre innspelskonferansar i alle dei fire Vestlandsfylka, og sikre at vi i arbeidet baserer oss på fakta og ikkje på synsing, seier han.

Innspelskonferansen i Sogn og Fjordane blir 30. september i Sogndal.