– Vi har avtale med 20 båtar, og har om lag ein båt i veka frå mai til september neste år, fortel marknadssjef Eli Førde Aarskog i Seawalk Nordfjord AS.

Meiner dei dekker eit behov

Ho meiner hamna, som har fått namnet Port of Nordfjordeid, blir godt mottatt, og seier det er behov for ein ny cruisedestinasjon i Nordfjord.

– Det er mange som finn destinasjonen vår interessant. Det er fleire som vil til Nordfjord enn det er plass til i Olden, så vi fyller eit behov i marknaden, slår Aarskog fast.

– Bookingane skjer gjerne to-tre år i førevegen, og vi kunne ikkje starte med å selje inn destinasjonen vår før alt var klart. Vi har sagt at om nokon vil kome i år så får dei det veldig billig. Anløp i år ser vi på som rein bonus, forklarar Aarskog.

– Har ein kapasitet til å ta imot så mange turistar på Eid?

– Vi er for så vidt klare til å ta imot turistar i dag. Det bygningsmessige og infrastrukturen er klar og det som står att er til dømes heimesida og cruisemanualen til Visit Nordfjord. Dette er levande dokument som vi framover skal forbetre og utvikle. Elles arbeider vi må å lage pakkar og ekskursjonar for turistane. Når det gjeld toalettfasilitetar er det fleire under oppbygging på Eid, men det trengst også fleire.

Trur på store ringverknadar

Eli Førde Aarskog fortel at ein plar rekne med at ein tredjedel av cruiseturistane vel å reise på ekskursjonar, medan ein tredjedel vel å nytte seg av tilboda som finst der båten legg til kai. Den siste delen blir verande om bord i cruisebåten.

Port of Nordfjordeid har profilert seg som «The viking destination» overfor reiarlaga.

– Det er mynta på hovudattraksjonen som er Myklebustskipet og Sagastad. I tillegg har salsargumentet om at du kjem deg til Nordfjorden, men med kortare seglingstid, og dermed mindre kostnadar og utslepp, enn om du skulle heilt til Olden, forklarar Aarskog.