Torfinn Kråkenes uttrykte frustrasjon over manglande telefondekning på Kråkenes i eit innlegg i Fjordenes Tidende fredag. Han peika på at inngrepet for å fikse feilen på kabelen går gjennom eit verna område, og at Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen vanskeleg kan tillate Telenor å grave i området. Eit område som Kråkenes viser til har vore grave i og brukt som beite i fleire år.

Regional informasjonssjef i Telenor, Per Aril Meling, fortel til NRK Sogn og Fjordane at ein jobbar med to alternative løysingar.

– Den kortsiktige løysinga er å leggje ei reserveløysing på motsett side av vegen slik at vi så fort som mogleg får opp eit godt samband til husstandane der ute. Utover hausten tek vi sikte på å få opp mobilsendar med høg kapasitet og endrar sektoren slik at det vert veldig god dekning for bebuarane, seier Meling til NRK.