– Vi har ønskt å gjere dette sidan vi fornya profilen vår i 2018. Mange ser på det som eit utradisjonelt designval, noko vi trur handlar om fargevalet. Vi gjekk nokre runder, både for å finne riktige fargar, men også på om vi skulle sette prikken over i-en med det rosa dekket, smiler Rebekka Lyng, båten si namnemor og marknadsdirektør i Babord Group.

Om nokon har tenkt at dette er ei kortvarig Rosa sløyfe-markering eller eit innslag i debatten om trakassering av kvinner på fiske, så tar dei feil. Med profilfornyinga i 2018 bygde Babord Group si merkevare på kystkvinna og den viktige jobben ho har stått for. No målar dei båtane etter selskapet sin profil, og «Rebekka L» er først ut.

Sett frå fugleperspektivet gjer det rosa dekket seg godt gjeldande. Foto: Petter Lund Wåge
Babord sin profil inkorporerte allereie kvinnene sin innsats på kysten. At reiarlaget no målar båtane sine i profilfargane er noko som har kome etterpå. Foto: Kind

– Vi ville bli lagt litt ekstra merke til, seier Lyng.

I tillegg til nye «Rebekka L» eig og driv reiarlaget Babord Catch fiskebåtane «Andrea L», «Victoria May», «Gambler» og «Ringbas».

Heidrar kystkvinna

Og merksemd har det blitt, spesielt frå jenter og kvinner.

– Det er jo nettopp dei vi gjerne skulle hatt fleire av på havet, seier Lyng, sjølv om ho forklarar at dette faktisk ikkje var tilsikta då dei jobba fram profilfargane.

– Men om vår identitet og vårt fargeval kan vere med på å bane veg for ein enklare kvardag om bord, og få fleire kvinner på havet, er vi glade for det.

Rebekka Lyng (t.v.) er marknadsdirektør i Babord Group AS, medan søstera Andrea Lyng jobbar deltid som trainee ved sidan av studier ved Norges Handelshøyskole. No har begge søstrene kvar sin fiskebåt oppkalt etter seg. Foto: Gjert Myrestrand

Lyng forklarar at selskapet sine verdiar er bygd rundt det å gi honnør til sterke menneske som ikkje alltid har fått fortent heider.

– Frå gamalt av stelte fiskarkonene hus og heim, medan mannen var på sjøen. Den dag i dag er det mange som framleis gjer ein stor innsats kvar einaste dag, kvinne som mann, utan at dei nødvendigvis blir hylla for det.

Leitar etter rett person, ikkje rett kvinne eller mann

Det er likevel ikkje slik at det rosa dekket betyr at Babord berre jaktar kvinneleg arbeidskraft.

– Nei, vi er opptatt av å finne riktig person på riktig stad og riktig arbeidsområde. Men med det fokuset som i dag ligg på likestilling og mangfald, er det ikkje utenkeleg at vi med vår profil kan vere eit positivt bidrag inn i den debatten.

Kaptein om bord «Rebekka L», Barry Lauder, gledde seg til den første fisketuren då Fjordenes Tidende var om bord. Foto: Gjert Myrestrand

Vil vise fram moglegheitene

Babord veks stadig, og søker jamleg etter ny arbeidskraft. Per i dag er det cirka 300 tilsette i heile Babord Group, og i dei tre delane av selskapet Babord Seafood, Babord Catch og Babord Industries jobbar det i dag høvesvis 210, 30 og 60 tilsette.

Lyng fortel at det er viktig for dei å vere til stades på dei ulike rekrutteringsmessene og -konferansene sjølv om dei ikkje alltid har ledige stillingar.

– Her treffer vi kunnskapsrike og interessante menneske, og viser moglegheitene som rører seg i lokalsamfunnet vårt. Plutseleg kan det dukke opp gode kandidatar som har noko bra å tilby.

Dei er også opptatt av å ha god balanse på kjønn og alder sjølv om fordelinga innan dei ulike områda framleis er noko skeivfordelt. I fiskeri og verft er det overvekt av menn og innan sjømat er det omvendt.

Her legg «Rebekka L» ut på sin første fisketur. Foto: Gjert Myrestrand

– Målet er endå betre balanse og vi jobbar aktivt for å skape attraktive arbeidsplassar for alle, seier Lyng, som meiner Babord både er ein inspirerande og motiverande stad å jobbe.

– Vi har som mål å vere ein trygg arbeidsplass der du kan føle deg varetatt og respektert, og eg synst vi har blitt ein stor og fin familie. Eg trur og håpar det er er mange med meg som gler seg til gå på jobb og er stolte av jobben vi gjer.

Vil opne opp for traineestillingar

– Lykkast de i å finne den kompetansen de treng?

– Både ja og nei. Vi tilbyr for eksempel lærlingplassar som gjer at vi kan få dyktige og potensielle framtidige tilsette inn på eit tidleg stadium. Det ser vi har skapt auka interesse. Vi får også mange søknadar frå folk generelt, og vi ønsker no å opne opp for trainee-stillingar.

Det er ikkje berre profilen Babord Group har fornya. Med «Rebekka L» sine moderne løysingar for fiske med både enkelttrål, dobbelttrål og snurrevad fornyar båten sjølve fiskeriet. Foto: Petter Lund Wåge

Selskapet vil også vere hyperlokale, sjølv om ikkje alle som får jobb der treng å vere det.

– Vårt hovudkontor er og forblir på Raudeberg. Stabil arbeidskraft er sjølvsagt viktig for oss, men også rett type arbeidskraft med nødvendig kompetanse og kvalifikasjoner. Sistnemnte har ikkje alltid vore like enkelt å få tak i lokalt, men vi heiar på alle som har lyst å flytte hit, smiler Lyng.

Ho er likevel klar over at det ofte er fleire ting som må klaffe enn berre jobb før ein vel å flytte på seg.

– For eitt år sidan opna vi ei avdeling i Bergen fordi det var nødvendig for framtidig rekruttering og drift i den veksande nasjonale og internasjonale marknaden.

Men enn så lenge er bergenskontoret også fylt av folk som opphavleg er frå Nordfjord.

– Dei brenn litt ekstra for lokalsamfunnet her heime, og det er viktig å hugse på at også desse er gode ambassadørar der ute som framsnakker heimplassen.

Fargevalet på «Rebekka L» er ikkje resultatet av ein gimmick eller eit stunt. – Dette er ei gjennomtenkt og heilskapeleg vurdering for å bygge merkevaren vår vidare ei ein allereie gjennomført bedriftsprofil, seier Rebekka Lyng. Foto: Petter Lund Wåge
Fra venstre: Barry Lauder, Ryan Hoggart (Peterhead), Allan Birnie (Peterhead), Tommy G. Mikkelsen (Molde), Tobias Waage Johansen (Løddingen), Steffen Vollen (Fosnavåg) og Håvard Håheim Elveseter (Fosnavåg).  Foto: Gjert Myrestrand