– Brannvesenet har meldt at dei har kontroll på brannen, opplyste Vest politidistrikt klokka 15.05.

Politiet opplyser også at det ikkje er personskadar som følge av brannen.

Det var klokka 14.48 onsdag at 110 Vest melde at brannvesenet hadde fått melding om ein brann i ein bygning i Florø.

Vest politidistrikt opplyste at det skulle dreie seg om isopor som brann i eit lagerlokale. Det var ei stund fare for at brannen skulle spreie seg.

Både brannvesen og politi rykte ut til brannen.