– Det er snakk om fire bilar. Alle dei involverte er ute av køyretøya og vakne, opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Alle naudetatar rykte ut, og var klokka 18.06 på veg til staden.

– Det er store materielle skadar, opplyser 110 Vest.

– Grasdaltunnelen - Oppljostunnelen mellom Otta og Stryn er stengt på grunn av eit trafikkuhell, opplyste Vegtrafikksentralen vest klokka 18.10.

– Vegen er stadig stengt i påvente av strøing, opplyste Vest politidistrikt klokka 20.50

Opprettar sak

Ifølge politiet er det glatt på staden, og det kan vere ei mogleg årsak til ulykka. Det er ikkje mistanke om noko kriminelt.

– Det er ingen mistanke om rus. To av dei involverte er tatt med av helsepersonell, ein med luftambulanse og den andre med vanleg ambulanse, opplyser operasjonleiar i Vest politidistrikt.

Politiet opprettar sak etter hendinga.

Klokka 21.01 informerer Vegtrafikksentralen Vest at tunnelen er open.