Vest politidistrikt opplyser at mannen i skal ha fått slag i hovudet.

– Det er ein relasjon mellom mistenkte og fornærma. Det enda med at den mistenkte vart sett i arrest, og den fornærma vart floge til Førde sjukehus, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund til Fjordenes Tidende.

Hellesund seier at dette hende klokka 20.30 tysdag kveld, og politiet opprettar sak.

Kniv, slagsmål og hjortepåkøyrsel

Operasjonsleiar Eivind Hellesund opplyser at det har vore fleire hendingar i distriktet døgnet før 17. mai.

– I Florø fekk politiet klokka 23.14 melding om eit slagsmål utanfor ein barnehage. Det viste seg å vere to ungdommar i slutten av tenåra som kjente kvarandre. Ingen vart skadde og ingen ville melde saka til politiet, seier Hellesund.

Ein ung mann vart i Florø natt til 17. mai meldt for å bere kniv på offentleg stad.

– Personen var ikkje trugande, men det blir oppretta sak.

I Selje fekk politiet melding om ein påkøyrd hjort tidleg på morgonen 17. mai.