– Det nye førarkortdesignet gir auka tryggleik mot forfalsking og er lettare å kontrollere, opplyser senioringeniør John Erik Kristiansen i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Vegvesenet understrekar at det ikkje er noko krav om å skifte ut tidlegare førarkortmodellar i kredittkortstorleik. Derimot er dei store rosa plastlaminerte papirførarkorta (Wien-modell 1-2) ikkje gyldige etter nyttår og må fornyast innan 1. januar 2023.

Dei nye førarkorta er produserte i polykarbonat og har same format som dagens førarkort – kredittkortstorleik.

I dei nye førarkorta er det er lagt inn fleire nye tryggingselement, slik som mellom anna eit optisk variabelt tryggingselement, tryggingsmønster, unikt serienummer og ein QR-kode. I mikroteksten på baksida av førarkortet finn ein no songen til kvenfolket, «Hyvän illan».

– Førarkortet har ny design med nasjonalmerket plassert i øvste venstre hjørne og er trykt med eit optisk variabelt blekk som skiftar frå grønt til blått når ein vurderer kortet frå ulike vinklar. På framsida av førarkortet vil det vere to identiske bilete, eitt i lita og eitt i større utgåve av innehavar. Dette skal bidra til enklare kontroll av om kortet er ekte, seier John Erik Kristiansen.

(©NPK)