– Kinn brann og redning frårår all bruk av eld i skog, utmark og innmark, inkludert tilrettelagde bålplassar, parkar og grøntområde frå 15. juni 2023, legg han til.

Grunnen til oppgraderinga er det tørre terrenget, noko som gir høg risiko for gras-, lyng- og skogbrannar.

– Det har vore mange brannar i gras, lyng og skog rundt om i landet den siste tida, og med det vêret vi no har og ser ut til å få fram over er det no fare for slike brannar også i Kinn kommune, seier han.

Det er likevel lov å grille i eigen hage, fortel han.

– Som alltid pliktar den enkelte å vise aktsemd ved gjennomføring av aktivitet som kan føre til brann, og eit eit eventuelt forbod mot jonsokbål gjer vi ei vurdering av torsdag 22. juni.