– Eg meiner ein her bør ha eit kommunalt vedtak i ryggen før ein begynner å informere foreldre og tilsette, seier Oldeide, og viser til eit brev sendt ut frå Holvik barnehage til foreldra måndag denne veka.

Der kan foreldre lese at dei to barnehagane skal slåast saman som ein konsekvens av og ein føresetnad for samanslåing av Holvik skule og Skram skole. Foreldra får også vite at arbeidet med samanslåingsprosessen starta etterfølgande tysdag med ei synfaring.

Oldeide reagerer på at dei tilsette ikkje blei informert og at dei fekk vite dette indirekte gjennom brevet til foreldra.

– Det er ikkje bra nok. Det førte til veldige reaksjonar blant dei tilsette, seier han, og legg til:

– Før ein varslar tilsette om at arbeidsplassen deira kanskje er vekk, må ein jo i anstendigheitas namn sette i gang ordentlege prosessar, lage skikkelege informasjonsmøte og sørge for at ein har eit vedtak i ryggen.

Må informere skikkeleg

– Men er ikkje dette ei kjend sak for både foreldre og tilsette?

– Det har lege i korta, og det har vore nemnt i saksutgreiingane der ein har diskutert skulestruktur, men det har så langt vore sagt at denne saka kjem ein tilbake til og vil måtte behandle igjen. Eg ser også at saka ligg inne til formannskapsmøtet torsdag, der ein føreslår å vedta dette som ein føresetnad for budsjettet. Men eg synest ikkje det er bra nok. Ein burde ha eit ordentleg vedtak, først i formannskapet og så i kommunestyret. Og så kan ein sette i gang prosessar der tilsette blir informert på ein skikkeleg måte, og får delta i vidare prosess.

– Kvifor blei ikkje dette problematisert i kommunestyremøtet 9. november då saka var oppe?

– Det blei tatt opp at ein burde få gjort eit vedtak, men det blei sagt at ein måtte kome tilbake til det. Det verkar som heile innsparinga og omstruktureringa kvilar på at kabalen med Skram må gå opp. At spørsmålet blei avfeid, tolka eg som at der er folk som er for nedlegging av Holvik skule og flytting til Skram, men som er mot nedlegging av Skramsmarka barnehage og flytting til Holvik. Det verkar som desse vil vente for å sjå om der er andre moglegheiter eller løysingar. Eg trur ikkje det berre var ei forgløyming.

– Informert via tillitsvalde og leiarar

Kommunalsjef oppvekst Ellen Jåvold seier dei tilsette allereie er informert gjennom sine hovudstillitsvalde.

– Vi har hatt eit møte med dei to hovudtilsette, Heidi Rønhovde frå Fagforbundet og Ingunn Frøyen frå Utdanningsforbundet. Dei tilsette er også informert via sine leiarar, og vi planlegg også eit felles personalmøte for begge barnehagar på nyåret for å saman planlegge prosessane framover. Og om det er ønskeleg at eg skal kome på personalmøte og informere ytterlegare gjer eg gjerne det, seier Jåvold.

Ho forklarar også at dei to barnehagestyrarane Eli Stølan og Line Hodnefjell har fått ansvaret for saman å planlegge denne overgangen.

– Vi har fått vite at det har vore reaksjonar på foreldrebrevet og at dei tilsette meiner dei først fekk vite om avgjerda på denne måten.

– Det synest eg høyrest veldig rart ut, for styrarane har vore i kontinuerleg kontakt, og gitt informasjon til dei tilsette, seier Jåvold, men legg til:

– Dette er jo ein sak som har pågått i lang tid, og mykje har blitt sagt frå forskjellig hold. Nokre seier noko, andre noko anna. Det kan vere forvirrande om ikkje same informasjon kjem til folk på same måte.

– Blir eit eige punkt i budsjettet

– Bør ein ikkje ha eit kommunalt vedtak i ryggen før ein informerer tilsette og foreldre.

– Nei, det ligg som ein premiss i kommunestyrevedtaket om endring av skulestrukturen, seier rådmann Knut Ove Leite, og legg til:

– Det er vanskeleg med informasjon. Enten blir det for lite, eller så blir det for masse, eller så er det på feil tidspunkt.

Han fortel at premissane allereie er lagt for barnehagane som del av strukturvedtaket for skulane, men at nettopp dette spørsmålet som Geir Oldeide stiller – om barnehage-samanslåinga burde kome opp som eiga sak – blei diskutert i oppvekst- og kulturutvalet tysdag.

– Leiaren i utvalet meinte det burde vere eit eige vedtak på det, så det vil no kome som eit eige punkt under budsjettsaka i formannskapet torsdag, seier han, og legg til:

– Denne løysinga er også noko oppvekst og kultur no har slutta seg til.