76 søkjarar står utan tilbod etter andre opptak til vidaregåande opplæring. Men det finnast råd både i Måløy og på Nordfjordeid.
82 fleire fekk plass etter andre inntak til vidaregåande opplæring for skuleåret 2016-2017 var klart 29. juli. På våre lokale vidaregåande skular er det 19 ledige plassar i Måløy og 12 ledige plassar i Eid.
Etter andre inntak står 76 søkjarar med ungdomsrett står utan tilbod. Søkjarane på ventelistene fordeler seg på dei fleste skular og utdanningsprogram. Det er 352 ledige skuleplassar ved dei vidaregåande skulane i fylket og for våre lokale skular ser det slik ut:
Måløy vidaregåande skule har totalt 19 ledige plassar frå hausten, fordelt på følgjande programområde:
Byggteknikk (nivå 2): 6 ledige plassar
Akvakultur (nivå 2): 4 ledige plassar
Fiske og fangst (nivå 2): 2 ledige plassar
Påbygg generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse, YSK 1. år (nivå 3): 1 ledig plass
Påbygg generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse, YSK 2. år (nivå 3): 1 ledig plass
Kokk- og servitørfag (nivå 2): 3 ledige plassar
Realfag (nivå 2): 1 ledig plass
Språk, samfunnsfag og økonomi (nivå 2): 1 ledig plass
Eid vidaregåande skule har totalt 12 ledige plassar frå hausten, fordelt på følgjande programområde:
Data og elektronikk (nivå 2): 1 ledig plass
Dataelektronikkfaget (nivå 3): 1 ledig plass
Studiespesialisering (nivå 1): 4 ledige plassar
Realfag (nivå 2): 1 ledig plass
Språk, samfunnsfag og økonomi (nivå 2): 1 ledig plass
Industriteknologi (nivå 2): 3 ledige plassar
Industriell møbelproduksjon, LAD (nivå 2): 1 ledig plass
Svarfrist for søkjarar som har fått tilbod ved andre inntaket er 3. august. Skulane tek over inntaket frå 8. august.
For dei andre vidaregåande plassane i fylket er det Sogndal vidaregåande skule som har flest ledige plassar. Skulen har 65 ledige plassar etterfølgt av Hafstad vidaregåande skule med 57 ledige plassar.
Flora har 49 ledige, Mo og Øyrane har 32 ledige, Årdal har 35 ledige, Firda har 29 plassar ledige, Stryn har 25, Høyanger 18 og Dale vidaregåande har 12 ledige plassar for skuleåret 2016-2017.