– Berre det å hente posten er livsfarleg, og det er ikkje slik det skal vere, seier Malene Lunde Sætren.

Ho er ein av fleire småbarnsforeldre i bustadfeltet som no krev fartsdumpar for å få bukt med høg fart av både bilistar og tungtrafikk gjennom området.

– Vi slit mest med tungtrafikken her med oss, men i krysset opp mot Kulatoppen er det også problem med personbilar. Ein har personbilar i 50-60 km/t forbi husene her, seier Håvard Svoren, som har samla underskrifter frå folk i bustadfeltet og levert til kommunen.

Han fortel at han også har vore i kontakt med næringsaktøren på Kulen kor tungtrafikken går.

– Eg har prata med dei fleire gongar om at leverandørane deira må roe ned farta. Og dei har også gitt beskjed om det, seier Svoren.

Foreldra meiner at når kommunen no skal i gang med å asfaltere vegen gjennom bustadfeltet, så er det eit godt høve til også å lage fartsdumpar.

– Eg hadde forstått om dei ikkje ville lage fartsdumpar om ein ikkje skulle legge asfalt frå før, men det skal dei no, og då ligg alt til rette for å legge inn litt meir asfalt, meiner Svoren.

Han har allereie klaga på den høge farten.

– Og då sette dei opp fartsmålaren. Men når fartsmålaren står der, så verkar den. Folk køyrer saktare fram til fartsmålaren, og så gjer dei på opp bakken, seier han.

Svoren trur at plasseringa av sjølve målaren kunne hjelpt.

– Eg er sikker på at om ein hadde gøymt målaren ein plass, så hadde ein fått seg ei overrasking. No registerer den jo også bilar som svingar inn til indre Kulen, og ein har jo nesten alltid under 30 i svingen, og det påverkar jo statistikken, seier Svoren.

Det er også lite gangvegar på Kulen, og med ei mogleg utviding av Kulatoppen fryktar dei meir trafikk.

– Når eg går på trilletur så går eg aldri opp i Kulakrysset, eg går alltid om indre Kulen og opp til overgangsfeltet der, seier Solgunn Alme.

Børge Yndestad peikar på at det aldri har vore så mange barn som no på Kulen, og tel sju barnefamiliar med 15 barn.

– Det er ikkje til å legge skjul på at det er ei bygd som held på å utvikle seg. Det er jo berre fleire og fleire ungar som kjem hit, seier Solgunn Alme.