Leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Hope, meiner samskipnaden bør følgje i fotspora til Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen og ha nynorsk som primærarbeidsspråk.

- Å velje nynorsk passar godt til dei utdanningsinstitusjonane Saman høyrer til, seier han.

Frå og med januar 2017 slo studentsamskipnadene i Bergen, Sogn og Fjordane og Stord/Haugesund seg saman til Studentsamskipnaden på Vestlandet (Saman/Sammen).

I dag bruker Bergen og Haugesund/Stord bokmål på nettsidene sine, medan Førde og Sogn og Fjordane bruker nynorsk. Også namnet skifter ut i frå kvar ein er. I Bergen og Haugesund er namnet Sammen, men i Førde og Sogn og Fjordane, Saman.

- Me skulle gjerne sett at dei brukte nynorsk på sidene til Bergen og Haugesund/Stord også. Den nye samskipnaden dekkjer eit område med mange nynorskbrukarar. Desse fortener å få sjå språket sitt i bruk, seier Hope.

For å løyse saka meiner landsmøtet til Norsk Målungdom at Saman skal utarbeide ein språkplan med klare mål og krav om korleis dei skal bruke nynorsk i kommunikasjon med studentar, på nett, i skilting og i anna materiell.

- Ein slik plan bidrar til å sikre nynorsken, og til å gjere Saman til den nynorske studentsamskipnaden, seier Hope.