Keipen Turlag opparbeidd ei turorienteringsrute ved Risetvatnet i Svelgen, og her er det no oppdaga hærverk eller tjuveri, opplyser Bremanger kommune på sine heimesider.

– Det er fjerna skilt og klippetenger på turorienteringsruta i Risevatn i Svelgen, skriv kommunen.

No ønsker ein å høyre frå folk som eventuelt kan ha sett noko, eller har informasjon.

– Har du opplysningar, ta kontakt med Keipen turlag eller politiet, skriv kommunen.