– Det er mange folk og mykje å gjere når turistane kjem. Dei er veldig viktige for butikken, det går mykje i troll og anna, seier Amund Gotteberg ved Måløy Glassmagasin, som no blant anna sel suvenirar til turistane.

Men ein ting er ikkje alltid like enkelt når turistane kjem innom og skal handle i butikken.

Tar du euro? Får han ofte spørsmål om i kassa frå turistane. Han tek euro i mot med eit smil, men må rekne ut valuta på kalkulatoren.

– Det er litt tungvint å få veksla, seier Gotteberg som står bak kassa.

Butikkeigarane må eigentleg til Bergen for å veksle pengane, men Gotteberg prøver å finne ein annan moglegheit.

Mange turistar vil betale med euro, det kan vere vanskeleg å få veksla det inn. Foto: Fride Audunsdotter Westvik

Har mykje liggande

– Eg skulle ønske turistane hadde fått meir informasjon om at dei må bruke norske kroner her. Mange trur at vi brukar euro, seier Siri Myrestrand på Bekka i Måløy, som også kjenner på problemet.

Ho tek likevel i mot euro frå turistane, men må reise til Bergen for å veksle inn pengane til banken.

– Eg har mykje liggjande som eg må veksle inn, det er litt styr, seier Myrestrand.

Siri Myrestrand på Bekka i Måløy får travle dagar når cruiseturistane kjem. Foto: Fride Audunsdotter Westvik

Blir overraska av utvalet

– Det er veldig kjekt med mange folk. Og dei fleste blir overraska over tilbodet og utvalet vi har i gata. Dei trur at dei kjem til ei lita landsbygd og har ikkje forventningar om at vi har så mykje butikkar og utval.

Når cruiseskipa kjem har ho ikkje tid til anna enn å ta i mot kundane som kjem innom butikken heilt sør i gate 1.

På Bekka er det mange som handlar ekstra bagasje for å få plass til alt dei har handla på ferie. Foto: Fride Audunsdotter Westvik

– Her går det mykje i vesker, koffertar og anna. Det er mange som har handla så mykje på turen at dei treng å ha med seg ei ekstra veske eller koffert, seier Myrestrand.

Cruisesesongen har mykje å seie for korleis den lokale butikken gjer det om sommaren.

– Sommaren er ein bra sesong generelt med mange folk og turistar. Men cruisedagane har mykje å seie for butikken, det er veldig kjekt, avsluttar Myrestrand.