Aksjonen som i Kinn og Vågsøy går av stabelen den 19. mars har reint vatn til folk i fattige land som hovudfokus.

– Å gå rundt med bøsse har ikkje konfirmantane gjort sidan før koronapandemien. Dei siste åra har aksjonen vore heildigital, men i år tar vi i bruk bøsser igjen, sjølv om det sjølvsagt også er mogleg å vippse når konfirmantane kjem, seier Marte-Iren Lade, som er kyrkjelydspedagog i Sør- Vågsøy og Nord-Vågsøy sokn.

Konfirmantane samla seg i Sør-Vågsøy kirke for å få informasjon om kva slags prosjekt pengane går til.

– Det er mange som blir sjuke og har det vondt grunna mangel på reint vatn.For berre 300 kroner kan ein faktisk sikre eit menneske reint vatn for resten av livet, seier Lade som lovar å komme med ulike små overraskingar til konfirmantane basert på kor mykje pengar det blir samla inn i løpet av aksjonen.

Dag Henrik Nygård er kirkeverge i Kinn, og i haust var han med på ein mobiliseringstur til Malawi for å sette seg inn i korleis pengane som blir samla inn blir brukt til å auke levestandarden for folk som har svært lite å hjelpe seg med.

Det er cirka 40.000 bøssebærarar som kjem til å gå frå dør til dør to veker før påske i andledning Fasteaksjonen. To av dei er konfirmantane William Lofnes Knudsen frå Måløy og Rowan Morken frå Almenning.

– Vi har fått ein del informasjon om korleis dei med betre tilgjenge til vatn kan få tre avlingar per år og tene pengar til kjøpe ein motorsykkel for å få varene sine ferskare og raskare ut på marknaden, seier William Lofnes Knudsen til Fjordenes Tidende.

– Det er ikkje så mykje pengar som skal til for å få til mykje. Dei treng nok desse pengane mykje meir enn oss her i rike Norge, seier Rowan Morken og legg til at han håpar folk tek dei imot og gjerne gir så det monnar litt til det gode formålet.

I anledning Fasteaksjonen blir det også ei fastegudsteneste med kollekt til Kirkens Nødhjelp søndag 17. mars i Nord-Vågsøy kyrkje.

Takka vere fasteaksjonen kunne Kirkens Nødhjelp i fjor vere til stades med nødhjelp etter jordskjelva i Syria og Afghanistan. Dei kunne også dele ut mat og vatn til flaumråka i Malawi, og dele ut varme teppe og vatn i Ukraina.

– Akkurat no gjer kyrkjelyder over heile Norge seg klare til å gjere ein forskjell. Til å spreie håp i ei verd sterkt prega av nød og liding, skriv Kirkens Nødhjelp i ei pressemelding.