Kommunestyret i Bremanger vedtok i torsdag at dei ønskjer å gjennomføre utgreiing om konsekvensane ved å bestå som eigen kommune samanlikna med å slå seg saman med andre omkringliggjande kommunar.
Kommunen, som har i underkant av 4.000 innbyggjarar, vil når dei er ferdige med etterdønningane av Terra-saka sitte igjen med store kraftinntekter og ein solid kommuneøkonomi.
Dei fleste politikarane meinte det ville vere beste løysing for Bremanger å forbli eigen kommune.
Om dette ikkje skulle bli godtatt av regjeringa, var gjennomgangstonen frå dei fleste parti at ein i første omgang ser mot ein storkommune på kysten, med Flora og Vågsøy som partnarar.