I Bremanger er SMIL-midlane no tildelt. Til saman ni aktørar, deriblant ordførar Karl Vidar Førde, deler 193.000 til desse spesielle miljøtiltaka i jordbruket.
Blant dei som får midlar er ordførar Karl Vidar Førde (Sp). Førde søkte om 48.000 kroner til restaurering av eit gamalt grannegjerde og utmarksgjerde. Han blei tildelt det halve, 24.000 kroner.
Dei andre som får SMIL-midlar denne gangen er:
Jan Martin Skjærstad, Bremanger, 26.000 kroner til gjerding av gamalt kulturbeite for beiting med sau.
Hildegunn Bakke, Davik, 56.000 kroner til ei fellesprosjekt på gjerding mellom grunneigarar.
Hilde Myklebust, Reidar Ytre-Hauge og Mildrid Anette Indredavik får alle midlar til restaurering av gamle grannegjerde, høvesvis 26.000, 20.000 og 10.000.
John Ove Bratseth, Bremanger, får 10.000 til gjerding ut i fjæra for å hindre at sauene går forbi på fjære sjø.
Magnus Endal og fleire grunneigarar i Endal får 10.000 til rydding av gamal seterveg for nedblåst gran.
Til slutt får Anette Midtbø, Rugsund, 11.000 kroner til vøling av eit gamalt eldhus.
Kommunen hadde også inne tolv søknader til, men desse fekk ikkje midlar i denne omgang.