Det er opp til Bremangerpolitikarane om ein vil starte prosessen som kan gjere det unike Vingen-feltet til verdsarvområde. Men stemninga for det er god.
– No har kommunestyret vore på synfaring og i neste møte kjem saka til politisk handsaming, seier kultursjef Espen Frøysland i Bremanger, om eit arbeid som kan gjere at helleristningsfeltet i Vingen kjem inn på UNESCO si verdsarvliste.
Frøysland seier at kommunen saman med Universitetsmuseet i Bergen, som eig og forvaltar Vingen-feltet, fylkeskommunen og andre har diskutert om ein skal starte eit arbeid for å heve statusen til helleristningsfeltet.
– Men for å starte opp eit slik arbeid, treng ein eit lokalt engasjement og eit politisk vedtak, seier han.
Les meir om kva politikarane tenkjer om saka i Fjordenes Tidende si papirutgåve.