100 personar møtte fram for å markere 150-årsjubilanten i Selje. Det var ei uvanleg full kyrkje i Selje fredag kveld.

– Kyrkja er ikkje berre noko vi går bakover i tida for, den er til for notida. Vi har ei utfordring i å jobbe for at det vil bli eit nytt jubileum om 50 eller 150 år, seier sokneprest i Selje, Kari Leine Balog, som fortel at det er få personar som går på dei vanlege gudstenestene.

– Det er lite folk som går til gudsteneste i Selje. Det er vanskeleg å seie kvifor det er slik, men kanskje vi ikkje har greidd å vise at kyrkjegang er ein del av trua og trua er ein del av livet, undrast soknepresten, og legg til:

– Eg syns vi prøver å gjere nye ting heile tida, men det er veldig mange aspekt på kvifor folk ikkje går i kyrkja. Det hadde vore kjekt om det ikkje hadde vore så høg terskel, for interessa for kyrkja er der. Det er høg oppslutnad om dåp og konfirmasjon.

Historisk og aktuell

Balog rosar arrangementskomiteen for markeringa, som ho meiner var med på å sette kyrkja på dagsorden.

– Det er ein salme som går slik «Midt i vår verden, her hvor vi bor, står et bygg som et tegn på vår tro», og det er det vi ønskjer: Å plassere kyrkja og trua midt i vår verd her som vi bur, og ikkje berre der vi budde for 150 år sidan, seier soknepresten, som var ei av dei som gjekk over Seljesanden til kyrkja.

Også prest Olaf Sigurd Gundersen sette kyrkja på dagsorden ved å spørje om den hadde ein best-før-dato. Sjølv svarte han på det ved å seie at sanning og kjærleik går vel ikkje ut på dato.

Etter gudstenesta var det opning av utstillinga i kyrkja ved ordførar Stein Robert Osdal. Utstillinga inneheld ting frå den gamle kyrkja og frå dagens kyrkje og bidrag frå Selje og Flatraket skular. Det vart servert tradisjonell mat i kyrkjerommet etter markering. Lefse, tørrfisk og natronkake var noko av det som stod på menyen.

Feiringa held fram

Markeringa var den andre i rekka av feiringar. Førre markering var ei gudsteneste, som gjekk føre seg der den gamle kyrkja stod.

– Laurdag blir det konsert med lokale aktørar i kyrkja og søndag er det gudsteneste med den tidlegare biskopen i Bjørgvin, Ole D. Hagesæther. Dei tidlegare sokneprestane Erling Nerheim og Michael Wohlenberg kjem også, opplyser komiteen.