Namn: Jonny MidtgårdAlder: 47 årSivilstand: kjærasten til Kristin og pappa til to gutarBustad: HalnesetYrke: terminalformann hos Bring Cargo, Måløy

– Kva er du mest oppteken av? – Hus, heim og familien.

– Kva gjer du på fritida? – Passar på at borna kjem seg dit dei skal, når dei skal!

– Kven beundrar du? – Mi mor og min far, på grunn av deira tolmod og rettferd.

– Kva er det beste med heimstaden din? – Alle kjenner "alle". Og så er det trygt og godt for borna å vekse opp.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende? – Endeleg byggestart for Stadt-tunnelen!!

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag? – Ringt Morten Hagen etter hjelp!

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – I det siste er det konserten med Eva Weel Skram. Fantastisk oppleving!

– Kva har du på nattbordet? – Mobil og briller.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – Vg, Finn, Facebook og Yr.

– Kva er meininga med livet? – Å sørge for at dei som er rundt deg har det så kjekt som overhode mogleg.