Stig Ervik i Ervik Havfiske frykter dramatiske tap som følgje av at prisen på torsk er halvert.

Tre kroner kiloen mindre betalt for torsken blir enorme summar når ein gangar det med 5.300 tonn.

- Med tre kroner mindre for kiloen er dette eit tap for oss på 16 millionar kroner, seier Stig Ervik.

Ervik har drive i næringa i 25 år og han seier at han i denne tida ikkje har opplevd lågare torskeprisar enn dei ein no legg opp til i 2014.

– Berre sidan 2008 har det vore ei halvering av prisen på torsk og det går utover inntekta til fiskarane, seier Stig Ervik.

Sjølv etter ein jamn og lang nedgang har igjen Norges Råfisklag sett ned torskeprisen frå 13.50 til 10.50 for kiloen.

Heile saka står i papirutgåva fredag 4. januar.