Folkemøtet som kom i stand på kort varsel for å lodde stemninga for Selje sin kommunesamanslåingsprosess mot Eid viste at flatrakarane er delte i synet på kva Selje kommune bør gjere.

Mens enkelte meinte at det beste ville vere å takke nei til Eid, og heller vente på ein framtidig kystkommune med Vågsøy, Flora og Bremanger, meinte nokre at Eid var beste løysing, med eller utan Vågsøy.

Kan få slagkraft

- Eg trur Selje plasserer seg sjølv på sidelinja ved å godta intensjonsavtalen med Eid, sa Stig Ødegård som jobber i LocalHost i Måløy.

Han er også sekretær i Selje næringsforening, og gjennom ein liten stikkprøve fra ei undersøking han held på å gjere blant medlemmene i næringsforeininga kan det virke som næringslivet i søre Selje ønskjer seg ein nordfjordkommune med Vågsøy, Selje og Eid.

Det trur imidlertid ikkje Ødegård er mogleg.

Samtidig ser han arbeidsgjevaren i Måløy jobbe knallhardt i lag med næringslivet i Flora og Bremanger om å bygge Kystveg.

-Det siste dei vil gjere er å slå seg saman med Eid slik det ligg an no. Måløy, dei skal sørover, Vanylven nordover, sånn tolkar eg det. Eg er redd for at vi blir ståande igjen med Eid, og blir utanfor. Med kystkommunen blir vi 25.000 innbyggjarar, vi får 25 prosent av stemmene på fylkestinget.  Vi skal bygge akvakultur, havbruk  og verftsindustri. Vi har dei største hamnene på nordvestlandet. Vi blir eit tyngdepunkt som vil gjere det lettare å satse, sa han, og peikte på at det i ein slik stor kystkommune vil bli enklare å trekke til seg statlege midlar, høgskulestudier og liknande.

- Eg synest den tanken er utruleg spennande, sa han.

Vil svekke sjukehuset

Tidlegare ordførar Ottar Nygård tala for å gå for intensjonsavtalen med Eid, og peikte mellom anna på at eit kystalternativ kunne føre til ei svekking av Nordfjord sjukehus. Det ønskte han ikkje.

Han peikte også på at det var viktig å sjå framover, og tenke på tema som skule, helse og utvikling, og kvar ein kunne få til dei beste tenestene.

- Om vi blir Selje-Eid er vi framleis ein kystkommune. Geografien er som den er, og det vil ikkje vere problem å halde fram med kystsamarbeidet, sa han.

Det var stor semje under møtet  om at skule var eit viktig punkt for bygda. Fleire peikte på at kva kommunekonstellasjon som ville føre til at ein kunne få beholde skulen for bygda, som er i vekst, var noko som kunne avgjere spørsmålet.

Likte ikkje prosessen

Lokalpolitikar for Tverrpolitisk Terje Ødegård stilte spørsmål ved prosessen som han mente ikke hadde vært god, frå ei folkeavstemning med dårlige alternativ, til Selje kommunestyre sitt vedtak frå juni om ikkje å slå seg saman med berre Vågsøy, og til intensjonsavtaleutkastet med Eid der Selje ikkje ser ut til å oppnå noko særleg meir enn dei ville gjort med Vågsøy.

- Det er ingenting i avtalen mellom Selje og Eid som Selje ikkje kunne oppnådd med Vågsøy, sa han, og oppmoda folk til ikkje å la seg forblinde av det rosenraude skjeret som for tiden ligg over forhandlingane mellom Selje og Eid.

-Tenk sjølv. Sett deg ned og lag ei liste for deg sjølv om kva som er viktig.

Johan Kroken stilte spørsmål ved kvifor ein alltid startar med det som er vanskelegast, kvar kommunesenteret skal vere.

- Snakk om det som er vesentleg, så får kommunehuset kome der det er naturleg, sa han og peikte på at viktige tema i så måte var skule, samferdsle og helse.

Han var ikkje heilt sikker på om Selje ville kome best ut av desse spørsmåla ved å velje Eid.

Rundt 60 personar møtte opp på møtet på Flatraket skule, deriblant ordførar Stein Robert Osdal (KrF) og varaordførar Jan Vidar Smenes (Tverrpolitisk).

Les meir om saka og kva ordføraren meinte om folkemøtet i Fjordenes Tidende si papirutgåve tysdag og på fjt.no.