– Vêret var for så vidt greitt og situasjonen var grei, men det er alltid dramatisk når slik skjer, seier redningsleiar Børge Galta i Hovudredningssentralen.

Det er NRK som melder saka i morgontimane fredag.

Hovudredningssentralen i Sør-Norge fekk inn Mayday-signalet frå den 30 fot lange seglbåten om at den hadde grunnstøytt og tok inn vatn kl. 00.31 natt til fredag, fortel redningsleiar Andreas Bull i HRS på Sola til NRK.

Operasjonssentralen i Sogn og Fjordane melder same hending kl. 00.36.

Det tok mellom eit kvarter og 20 minutt frå nødropet til redningsmannskapet var på plass.

– Då blei dei tre teken over i ein gummibåt før vi fekk dei over i brønnbåten, seier Galta.

Hovudredningssentralen koordinerte hendinga og både redningsskøyta Halfdan Grieg, stasjonert i Måløy, og eit redningshelikopter frå Florø rykte ut. Men dei tre vart berga til land av mannskapet på brønnbåten «Langsund», som var i området.

Dei tre havaristane blei frakta til Måløy, der dei blei teken hand om av politiet og har overnatta på hotell.

Seglbåten, som var norsk, gjekk ned som følge av grunnstøytinga.