Denne leiarartikkelen stod på trykki Fjordenes Tidende fredag 21. oktober.

Kampen om kven som skal representere Sogn og Fjordane på Stortinget etter valet neste år er i full gang.

Sogn og Fjordane Venstre er tydeleg fornøgd med jobben som eidaren Sveinung Rotevatn gjer som stortingsrepresentant. Dei har renominert han til neste stortingsval. Men skal han få fornya tillit så må partiet over sperregrensa på 4 prosent for å få eit mandat frå fylket.

Den andre nordfjordingen på Stortinget, Bjørn Lødemel, har lyst på endå ein periode på Stortinget. Men etter at lokallaga har sendt inn sine forslag og etter at nominasjonsnemnda har vraka han frå lista, så er det uvisst om honndølen når heilt opp når partiet skal nominere.

Nominasjonsnemnda har føreslått to frå kysten på topp, Frida Melvær frå Askvoll på førsteplass og Bjørn Hollevik frå Flora på andreplass.

Det er eit viktig poeng at heimkommunen til Lødemel, Hornindal, har bestemt seg for å slå seg saman med Volda. Det vil vere spesielt å ha ein stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane som har bustadadresse i Møre og Romsdal.

Lødemel har også fått kritikk for å vere for usynleg og for lite aktiv. Mange meiner også at han har vore for oppteken av å forsvare regjeringspartiet sine vedtak, og ikkje så flink å forsvare fylket sine interesser.

Fleire har nok ikkje gløymt den uventa snuoperasjonen til Lødemel i E39-saka.

Etter at han var nominert på topp, og før siste val, så gjekk han frå å støtte fjordkryssing over Lote–Anda til det indre alternativet. Det blir ein spennande nominasjon i ei spennande tid der kommune- og fylkesgrenser er i endring.