Ole Johnny Faleide frå Raudeberg klarte å kvalifiserte seg til VM i breisladd, men så fekk han trøbbel med motoren.

- Det var fyrste gong eg vart kvalifisert til VM, men så rauk motoren, seier Faleide, som driv Nordfjord sin einaste driftingklubb, Toys4Boys Drifting Team.

Berre topp 40 av fleire hundre bilar klarte å kvalifisere seg til VM i breisladd under Gatebilfestivalen på Rudskogen denne helga, men Faleide kom seg aldri på bana på grunn av motorhavariet.

- Det var tøft å bli valt ut av dommarane, men eg får prøve meg igjen neste gong og håpe at det går betre då, seier han.