– Vi ønskjer oss fleire barnefamiliar, men vi kan jo ikkje velje, så i utgangspunktet ønskjer vi oss fleire innbyggjarar. Men vi treng mellom anna å auke elevtalet i bygda, seier Espen Gulliksen i Kolset krins utviklingslag (KKU).

Saman med Leirgulen idrettslag har KKU i snart eitt og eit halvt år jobba for å få på plass nærmiljøanlegget ved Kolset skule. Betydninga anlegget har for bygda trur han er stor.

Dugnad: Til slutt vart gulfargen lagt på bana. Bana er eit samarbeidsprosjekt mellom Kolset krins utviklingslag og Leirgulen Idrettslag.

– Det er ei bygd som slit med låge barnetal, og for å skaffe tilflytting og gjere oss attraktive, så må vi ha noko å vise fram. Vi jobbar for å få folk til å komme hit og slå seg ned, så då må ein ha noko her ein kan trivast med, seier Gulliksen.

Nedleggingstrua skule

Å behalde Kolset oppvekst er ein viktig faktor for bygda, og anlegget er dermed viktig.

– For oss så betyr dette ganske så mykje, seier Gulliksen.

Politikarane har freda Kolset skule fram til sommaren 2019, men skulen har per i dag ti elevar, som er lågare enn det minimumstalet som er sett for skuledrift.

Prosjekt: Merete Kolseth frå LIL og Espen Gulliksen frå KKU.

– Om vi ikkje har fleire elevar i 2019, så spøkjer det nok for skulen. Den lever på lånt tid i eitt års tid til, seier Gulliksen, og legg til:

– Anten så blir den gjenstand for nedlegging eller så står omorganisering av skulestrukturen for tur. Det blir det opp til politikarane å avgjere. Men vi forstår jo at det ikkje er vits å drive skule utan elevar. Så det einaste vi kan gjere er å rekruttere fleire familiar til bygda.

Heile bygda på dugnad

Etter at kunstgraset kom på plass tidlegare i veka, så er kunstgrasbane med tennisbane, løpebane og hoppegrop ferdig etter tallause dugnadstimar og hardt arbeid. Gulliksen presiserer at det er nytta sandinnblanding, og ikkje gummi , av omsyn til miljø og helse. 850.000 kroner er kostnadsoverslaget til den nye bana.

– Det er inkludert dugnad og maskinkraft, seier Gulliksen.

For nærmiljøanlegget har idrettslaget og bygdeutviklingslaget fleire planar.

Fleirbruksbane: Den nye bana nærmar seg ferdigstilling. Det er ei kunstgrasbane med sandinnblanding, tennisbane, løpebane og hoppegrop.

– Den største jobben er gjort når kunstgraset er lagt. Og så skal vi ha reiskapsbu og kioskanlegg skal byggjast. Tanken er også å få til ein musikkbinge på enden av bana. Men vi må sjå kor mykje vi rekker.

Anlegget skal kunne nyttast av både unge og vaksne.

– Vi håpar folk i alle aldrar vil nytte det til både lagidrett og individuell idrett. Det er til dømes fleire på min alder som ønskjer å spele tennis.

Fleire tomter

I sin innsats for å gjere bygda meir attraktiv for tilflyttarar jobbar også Kolset krins bygdeutviklingslag med bustadsproblematikken. Dei ønskjer dei at kommunen legg til rette for fleire bustader.

– Vi prøver å få kommunen til å lage til byggjeklare tomter slik at folk kan kjøpe ei tomt og setje opp eit hus, i tillegg til å skaffe gjennomgangsbustader.

Løpebane: Siv Holmøy går over den farga kunstgrasstripa for å sikre at limet får godt feste.

Gulliksen viser til at det kan vere tøft nok å skulle etablere seg i ei bygd, om ein ikkje skal måtte gjere alt sjølv også.

– Så derfor jobbar vi med å få kommunen til å svinge seg rundt og få til byggjeklare tomter i alle bygdene. Det vil i praksis hjelpe oss, seier Gulliksen.

I tillegg nyttar bygdeutviklingslaget nettsider og sosiale medium til å legge ut nyhende og vise fram alt som skjer.