Harpefossen skisenter står klare med nypreparerte løyper til to veker med vinterferie.

– No er vi klare for to vinterferieveker, der vi har ope på dagtid kvar dag, i tillegg til vanleg kveldskøyring. Alt er preparert, og i helga vart det montert ein park med hoppelement i miniheisområdet. Laussnø er populært og drar mykje folk, men det er godt å ha alternativ.

Vanskeleg sesong

Nettopp puddersnøentusiastar gjer at forsøk med å halde ope på dagtid er aktuelt.

Grunna tidleg påske blir det ein kort sesong i år.

Vågsøyværingane flinkast

– Det er folk frå Vågsøy og ytre Nordfjord som er dei trufaste brukarane av skisenteret. Dei har gjerne hytte eller campingvogn her og brukar skisenteret mykje. Folk i Eid er derimot treige, og kjem helst ikkje utan at det har vore sol i fleire dagar. Eidarane er nok litt bortskjemte. For oss verkar det som om skientusiastane er i ytre, hevdar Bjørhovde, som gjerne vil ha fleire til å bruke skisenteret.

Nytt i år på Harpefossen er oppkøyrde langrennsspor til Nausdalssetra. Løyper vert også køyrt opp innover fjellet.

– Vi har eit godt tilbod på langrenn. I fjor laga vi catskiløype opp Tippadalen til Lidavarden, og dette utløyste mykje trafikk for toppturfolk og vanlege folk, seier han.