Denne veka flyttar Selje-ordførar Stein Robert Osdal kontoret ut.
- Det vert kjekt å treffe turistar og fastboande som tek seg ein tur innom, skriv Osdal.
Han skal etter planen sitte på turistinformasjonen i Selje, det gamle rådhuset, tysdag og torsdag denne veka.
- Alle er hjarteleg velkomne til å slå av ein prat om det ein har på hjartet, skriv ordføraren på sin eigen Facebook-profil.
Osdal opplyser samtidig om at han vil vere på turistinformasjonen frå klokka ni til tre.