Under arbeidet med å reinske området rundt klatreløypa Via Ferrata Hornelen for lause steinar måtte entreprenøren Norges Boltefond vippe fleire store steinar ned frå fjellet.

Her kan du sjå videoen som har fått enormt mange klikk på fjt.no i 2023:

I vår fenga også storsatsinga Måløy maskedrama svært mange sjåarar. Det var i samarbeid med Måløydagene-komiteen at Fjordenes Tidende lanserte maskedramaet. I åtte episodar stod fem lokale personar på scena og prøvde å forvirre sjåarane. Episode ein er blant dei mest sette videoane på fjt.no i 2023.

Mange ville også få med seg videoane frå utgravingane i Selje der det vart gjort funn av fem skjelett i 4.000 år gammal grav. Funnet i Selje vart også kåra til årets funn.

Kvardagshendingar kan også skape blest. Videoen av Harald (12) frå Holvik som fekk ein noko uvanleg fanst i krabbeteina si engasjerte mange. Her kan du sjå videoen av redningsaksjonen:

Hugsar du sommar og gater fulle av turistar? Glimt frå måløygatene på ein dag med cruiseanløp var det mange som ville få med seg. Videoen kan du sjå her:

Før valet i haust hadde Fjordenes Tidende serien «Vi berre spør». Her besøkte vi lokalpolitikarar i Stad og Kinn. Her kan du sjå alle videoane: