Det er i eit bygg i Svelgen i Bremanger personen står fast i heisa.

– Person sit fast i heis som har stoppa. Brannvesen på veg for å bistå, opplyser 110 Vest.

110 Vest forklarer at det ikkje er snakk om dramatikk anna enn at det sjølvsagt kan vere ei skremmande oppleving å stå fast i ein heis som har stoppa.

– Vi har ikkje fått melding tilbake frå brannmannskapa enno, men det handlar om å få køyrt heisa ned og få opna dørene. Men så kan det vere ei skremmande nok oppleving for nokre å stå fast på denne måten, seier Håkon Myking ved brannsentralen til Fjordenes Tidende.

Det var folk på utsida som varsla om at nokon stod fast i heisa.

Kva bygg det er snakk om ønsker Myking ikkje å opplyse om.