Det er mellom anna NRK som melder saka på morgonkvisten måndag.

Skjelvet blei registrert klokka 06.32

– Vi får ein styrke på mellom 4,4 til 4,6, alt etter som kva estimat vi brukar, seier Berit Marie Storheim, senioringeniør ved Institutt for geovitenskap ved Universitetet i Bergen til NRK.

Her råka skjelvet, like utanfor Stad på vestkysten av Norge. Foto: Norsk nasjonalt seismisk nettverk

Elin Kråkenes i Måløy var blant dei som kjende skjelvet godt.

— Eg syntest jordskjelvet var litt sterkt, men i den store samanhengen er det sikkert lite. Her klirra glasa i skapet og eg gjekk mot døra for det var ubehageleg, seier ho til Fjordenes Tidende.

Og at skjelvet kjendest over eit stort område fekk ho også erfare.

– Broren min i Bergen vakna av det også.