I jaktåret 2001–2002 var det 365.292 personar oppført i jegerregisteret, i 2022–2023 var det 537.348. Det er ein auke på 44,6 prosent på 21 år, men auken i jegerar som betalar jegeravgift, var på 3,4 prosent.

Jegerregisteret er eit register over kor mange som er kvalifiserte til å drive jakt i Noreg. I tillegg til talet på registrerte jegerar, er der òg oversikt over kor mange som har greidd jegerprøva, og kor mange som har betalt jegeravgifta.

Medan talet på personar i jegerregisteret har hatt ein auke på nesten 50 prosent, er auken i jegerar som betalar jegeravgifta på 21 år på 2 prosent – frå 188.646 i jaktåret 2001–2002 til 192.776 i 2022–2023.

Hjortejakta varer frå 1. september til 23. desember. Foto: Robert Schlesinger / NTB / NPK

Kvinner betalar, men jaktar ikkje

I 2001–2002 var det 29.467 kvinner i jegerregisteret. Det talet har auka til 85.818 i jaktåret 2022–2023. For menn er auken frå 335.825 til 451.553.

Samstundes som det har vore ein auke blant både menn og kvinner i registeret, er der nedgang på menn som betaler jegeravgift. I 2001–2002 var det 178.909, i 2022–2023 173.688. For kvinner har det vore nær ei dobling. Frå 9737 i 2001–2002 til 19.088 i 2021–2022. Trass i doblinga, er det berre éin firedel av kvinner som har teke jegerprøva som jaktar kvart år.

Elgjakt startar 25. september og varer til 23. desember i kommunar der lokal forskrift opnar for jakt på elg. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Populært med hjort

Av alle jaktformer ført opp i jegerregisteret – småviltjakt, rypejakt, harejakt, elgjakt, hjortejakt, villreinjakt og rådyrjakt – er det å jakte på hjort hatt størst auke, frå 34.680 jegerar i 2007–2008 til 50.880 i 2022–2023.

Dei som jaktar på rådyr er blitt 5620 fleire i same periode – frå 38.010 til 43.630.

Samtidig var det 13.140 færre jegerar på rypejakt i fjor enn i 2007-2008, frå 57.020 til 43.880.

Elgjakt og villreinjakt ligg om uendra på 15 år. Høvesvis 56.910 til 57.170 og 7800 til 7240.

(Undersak:) Dato for jakt

Dette er datoane du treng for elgjakt, harejakt, hjortejakt, rypejakt og villreinjakt i 2023. Alle jaktdatoane gjeld i kommunar der lokal forskrift opnar for jakta.

Elgjakt: 25. september til 23. desember.

Hjortejakta starta 1. september og varer til 23. desember. Fylkeskommunen kan av omsyn til andre brukarar av utmarka innskrenke ordinær jakttid for hjort. Startdato kan endrast til 5. oktober og/eller sluttdato kan endrast til 31. oktober eller 30. november.

Harejakt 2023: 10. september til 28. februar (fram til 15. mars i Troms og Finnmark fylke og Narvik og Evenes kommunar, og delen av Hamarøy kommune som ligg nord for Tysfjorden/Hellemofjorden i Nordland fylke).

Rypejakt: 10. september til 28. februar (fram til 15. mars i Troms og Finnmark fylke og Narvik og Evenes kommunar, og delen av Hamarøy kommune som ligg nord for Tysfjorden/Hellemofjorden i Nordland fylke). Snarefangst av rype frå og med 1. november til utgangen av jakttida for ryper i utvalde kommunar.

Frå julaftan til og med nyttårsaftan er det ikkje lov å gå på jakt. Det same gjeld frå langfredag til 1. påskedag.

(©NPK)

Jakt på fjellrype og lirype varer frå 10. september til 28. februar. Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK