Alle dei tre lange strynefjellstunnelane Oppljostunnelen, Grasdaltunnelen og Ospelitunnelen var i starten stengt på grunn av ei trafikkulukke, og det bygde seg opp lange køar. Haustferieslutt gjer at denne søndagen er ein utfartsdag.

Vegtrafikksentralen vest meldte om ulykka kl. 10.55 søndag formiddag.

Det var ein person som sjølv var involvert i ulukka som ringte politiet, opplyser operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Vedkommande som ringte fortalde at det var to bilar og tre personar som var involvert i ei møteulukke inne i ein av tunnelane. Airbagar hadde blitt løyst ut, og bilane var ikkje køyrbare.

– Alle er ute av bilane og er oppegåande. Nødetatar er på veg, opplyser operasjonsleiar etter ulukka.

Klokka 12 blir det opplyst at ulukka har skjedd vel 3,2 kilometer inne i Oppljostunnelen, frå Stryn-sida, og at det no er den tunnelen som er stengt.

– Bergingsbil er rekvirert, men det kan ta halvannan time før den er framme, melder Vest politidistrikt like over klokka 12 søndag ettermiddag.

Klokka 12.45 opplyser vegtrafikksentralen at det er manuell dirigering av trafikken på staden. Tunnelen er dermed open, men ein kan likevel måtte rekne med noko venting.

Politiet fortel at brannvesenet har fått flytta på det eine køyretøyet og dermed klart å få opna eitt køyrefelt.

– Det er ein mann i 50-åra og ein mann i slutten av tenåra som var sjåførar i dei to bilane. Sistnemnde er sendt til legevakt for sjekk, opplyser operasjonsleiar hos politiet.

Rundt klokka 13.45 var bilane berga og tunnelen open for vanleg ferdsel.

Politiet har framstilt sjåføren i tenåra for blodprøve og også inndratt førarkortet.

– Det er mistanke om at kan ha vore alkoholpåverka, opplyser operasjonsleiar.