Etter fleire år med nedgang i forventningane, ser stemninga i næringslivet no ut til å ha snudd.

At forventningane no er snudd til det meir positive kjem fram i den nye utgåva av Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane som vart presentert i går.

Tala i Næringsbarometeret viser regionale forskjellar.

Sogn er den regionen med minst optimisme og regionen har ein forventningsindeks på berre 11 prosent.

Størst optimisme for framtida er det i Nordfjord, som har ein forventingsindeks på nesten det doble av Sogn, 21 prosent.

Det harmonerer godt med det vekstselskapet for kommunane Selje, Vågsøy og Eid skriv på eigne heimesider: « ... Nordfjord er ein fantastisk region i hjartet av den såkalla «Gullkysten» på Nordvestlandet. Få stader i verda har eit så sterkt vekstpotensial som akkurat Nordfjord. Ikkje berre er vi ein region rik på framtidsretta ressursar, men vi ligg òg nær dei fremste verdiskapingsregionane i Noreg ...»

Dagleg leiar i Nordfjord Vekst, Edvin Haugen, seier dette harmonerer godt med det inntrykket han har fått etter å ha besøkt deler av næringslivet i dei tre kommunane.

Haugen seier at det er den offensive tankegangen mellom næringslivsleiarane i dei tre kommunane i Nordfjord Vekst som har imponert han.

– Det er ingen som gir uttrykk for dårlege utsikter eller mørke skyar i horisonten, seier vekstleiaren.

Haugen seier at Nordfjord Vekst no driv og undersøkjer kva moglegheiter lokal næringsliv kan ha til å bli leverandørar til det som skjerf i Flora.

– Det som skjer innan petroleumsindustrien i Florø er spanande og det er noko som næringslivet i våre kommunar så absolutt bør kunne bli ein del av, seier dagleg leiar Edvin Haugen i Nordfjord Vekst.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.