Då "padlepilegrimen" Lars Verket kom til Bremanger, tok han turen opp på Hornelen.

- Hornelen har eg aldri vore på og det var heilt utruleg, seier den 45 år gamle eventyraren og forfattaren som bur i Kristiansand.

Han padlar og går frå Tønsberg til Trondheim og er no i Selje der han planlegg å vere til neste veke.

– Eg starta i Tønsberg 11. april og skal vere i Nidaros 28. juli. No er eg i Selje og skal vere her over helga for å få med meg pilegrimsvandring og Seljumannamessa søndag. Eg skal også på messa på Selja tysdag. Så dreg eg vidare. No er det føta som blir framkomstmiddelet, i lag med offentleg transport.

Planen var å padle heile vegen til Nidaros.

– Det er eit forsøk på å gå og padle opp igjen dei gamle ferdselsvegane til Nidaros. I gamle dagar var det havet dei brukte. Planen var å padle heile vegen, men grunna ryggproblem ligg kajakken igjen i Florø og så har eg gått derifrå, fortel han.

Verket er også den første pilegrimen som har gått Sunnivaleia, frå Kinn ti Selja, åleine.

– Kinnaspelet var fantastisk og Kinn var veldig spesiell. Og då eg kom til Selja var det også fantastisk, seier Verket om høgdepunkta i regionen.