Selje kommune har fått 102 fleire offentleg tilsette på 10 år.

Telemarksforskning har sett på utviklinga for private og offentlege arbeidsplassar sidan 2000 og til og med 2011.

Undersøkinga er gjennomført for alle kommunane i Sogn og Fjordane.

Førde kommune aukar mest både prosentvis og i talet på offentlege arbeidsplassar.

Med 1.038 nye jobbar er dette ein auke på 40,5 prosent offentlege arbeidsplassar. 600 av desse innan helse.

Førde står meir og meir fram som eit fylkessenter med stadig fleire statlege, regionale og fylkeskommunale arbeidsplassar.

Nummer to på lista over dei som aukar mest er Selje.

102 nye tilsette innan offentleg sektor er ein auke på 31,8 prosent.

Auken frå 321 til 423 må først og fremst vere kommunale arbeidsplassar sidan Selje ikkje har særleg mange andre offentlege arbeidsplassar.

For dei andre kommunane så har Vågsøy berre auka med ein offentleg tilsett i det same tidsrommet. Frå 800 til 801.

Bremanger har auka talet på offentlege arbeidsplassar med 49, frå 509 til 558. Ein auke på 9,6 prosent.

Eid har heller ikkje den store auken i talet på offentlege arbeidsplassar. 11 fleire er det blitt desse åra. Auken frå 1033 til 1044 er 1,1 prosent.

Med i dette talet er den reduksjonen det har vore på tal stillingar ved Nordfjord sjukehus.

Les hele saken i papirutgaven mandag 28. januar.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.