Politikarar i Vestland vil forby bruk av enkelte typar russeklede på skulen – for å hindre utanforskap, skriv NRK.

Det får fleire russ til å reagere. Dei meiner det ikkje er russeklede som skapar ekskludering.

– Eg tenker det er heilt urimeleg. Det er nok problem i verda. Det er andre måtar utestenging og ekskludering skjer på. Det er jente- og gutegjengar uansett Eit slikt problem vil likevel vere der, seier russepresident i Måløy, Hedda Blålid Thorsen til NRK.

Også russ frå Førde protesterer, og ber dei vaksne tenke seg om:

– Eg trur ikkje årsaka til at nokon blir ekskluderte er bruken av russegenserar, seier russepresident ved Førde vidaregåande skule, John Olai Nordberg Bruland, til NRK.

Ifølgje NRK jobbar no administrasjonen i Vestland fylke med å endre russereglane. Målet er at det skal bli lettare for kvar enkelt rektor å innføre forbod mot russeklede som dei vurderer som ekskluderande. Det blir også vurdert om bruk som er i strid med dette, skal gi nedsett åtferdskarakter.

Fylkespolitikarane skal ifølgje NRK avgjere saka i midten av februar.