Det er VG som melder saka i eit flimklipp.

I filmen var Stadlandet planeten Caladan, som er der Paul Atreides, spelt av Timothée Chalamet, kjem frå.

– Det er ein vakker melankoli som kjem frå landskapet. Noko veldig dramatisk.

Villeneuve er stolt av Chalamet som berre var 25 år då han spelte inn Dune.

– Det var ei veldig rørande innspeling. Under det aller siste opptaket begynte vi å sprette champagne, fortel Villeneuve.

Regissøren røpte at i ei scene, i eitt av usnitta av landskapet, ser ein faktisk champagneglaset over skuldra til skodespelaren.