Politiet fekk onsdag klokka 05.52 melding om ein lastebil som hadde køyrt av vegen og låg på sida.

– Det er ingen personskade, opplyser operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Klokka 06.11 var brannvesenet framme på staden og det vart meldt om lekkasje frå lastebilen.

– Førar er ute av bilen og verkar tilsynelatande uskadd, opplyser 110 Vest.

I følge NRK Vestland fraktar lastebilen komponentar av flytande sprengstoff, slurry, men operasjonsleiar Helge Blindheim seier det ikkje er knytt nokon fare rundt det.

– Brannvesenet melde tidleg at dette er ufarleg fordi stoffet består av fleire delar før det blir brukt som flytande dynamitt. Brannvesenet er på staden og trafikken går som normalt, seier Blindheim til NRK Vestland, klokka 06.48.