Medan politiet har hatt det hektisk med å handtere hendingar andre stader i distriktet, kan operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit, opplyse om at dei har fått få meldingar frå vårt område.

– Politiet fekk om kvelden 17. mai melding om fleire rusa unge personar som gjekk i ei gate i Måløy. Politiet gjorde ikkje noko i den saka, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit.

Den andre meldinga politiet fekk var om ein skadd måke som måtte avlivast.

– Altså rolegare her enn i Bergen det siste døgnet?

– Ja, det skal vere sikkert, seier operasjonsleiaren.