Ambulansessjef i Helse Førde, StianSægrov, opplyste i dialogmøte med ordførararen i Nordfjord denne veka at den nye helseekspressen etter planen skalvere i drift frå mars 2013, og at dette er eit tilbod som både vil avlasteambulansane og vere ein fordel for pasientane.

–Det vil vere tre senger bak i bussen og det vil vere kvilestolar som nestenfungerer som ein Stressless. Dette vil bli ein langt meir behageleg måte å komeseg til sjukehus på enn det ein båretransport i ambulanse er, sa Sægrov.

Han opplyste at helseekspressen også ville ha betre plass til pårørande enn detambulansane hadde.

Den skal gå mellom Nordfjordeid og Førde.

Sægrov orienterte nordfjordordførararen om heiser og handikaptoalett somgjorde bussen funksjonell for alle brukarar.

Du kan lese meir om dialogmøtet i papirutgåva onsdag 12. desember.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende