Namn: Thomas Bickhardt

Alder: 53

Adresse: Selje

Sivilstatus: lykkeleg skilt

Yrke: psykolog og fotograf

Hobby: foto

Aktuell med: fotoutstillinga «Vilt, vått, vakkert» i galleriet Den Blå Hesten i Måløy der Torfinn Kråkenes også skal ha digital vising. Utstillinga opnar laurdag og blir ståande til 6. august.

– Fortel om utstillinga.

– Den er todelt. Det er ein del store bilde som eg har produsert akkurat for utstillinga – ein del panoramabilde kopla til natur. Det er ikkje berre storm som før, men også litt bølger, dyr, solnedgangar og emosjonelle havbilde. Det blir sjø og hav, og så nokre skibilde frå skiområde i Nordfjord. Den andre delen av utstillinga er i glasramme med ein printteknikk som eg har utvikla gjennom fleire år. Det er ein kombinasjon av trykk og bilde kalla deep print. Hensikta er å skape originalar. Foto er jo kopiar, men dette blir signerte originalar med eit opplag på 100 og 150. Det er ulike bilde, både kyst og hav i Norge og utlandet.

– Samarbeider du og Torfinn Kråkenes?

– Det er ikkje eit konkret samarbeid. Vi har vore mykje i lag i fjæresteinane i Kråkenes der han har vist meg område, og så har eg vist han litt fotografering.

– Er det bilde teke lokalt vi får sjå på utstillinga?

– Deep print-serien er det, med nokre er også frå andre plassar. Elles er det stort sett Nordfjord.

– Kvifor er du så fascinert av hav, vind og vêr?

– Sei det. Det har alltid vore slik, det er medfødd. Sjøen, fjæra og bølgjer har alltid vore fascinerande for meg.

– Og folk blir ikkje lei heller?

– Eg veit ikkje heilt. Det kan vere at folk her seier at «ei bølgje er ei bølgje», men om ein har meir kunstinteresse så fangar ein opp det som ligg bak. Det ligg vanvitig mykje arbeid bak verkeleg gode bølgjebilde. Det er eitt av ti tusen, og mykje flaks også.

– Har du andre utstillingar i sommar?

– Ikkje akkurat no. Det kan vere at det blir noko seinare, men eg har ikkje planlagt noko, ikkje i Norge i alle fall.

– Kva gjer du elles i sommar?

– Det er litt ferie, og litt jobbferie i Tyskland der eg også besøker familie.