Pad thai er superrask og enkel å lage, og er ein av mine favorittrettar frå Thailand.
Dette treng du:
200g risnudlar
Soyaolje
4 fedd kvitlauk
1 sjalottlauk
3 kinesiske vårlauk
15 store reker
Ferske bønnespirer
Brun-/palmesukker
Fish sauce
Limejuice
Usalta peanøtter
Pad thai-saus:
3 ss brunt sukker
2 ss fiskesaus
4 ss soyaolje
4 ss vatn
3 ss limejuice
Slik lagar du pad thai:
Legg risnudlar i vatn ca. 10 minutt til du kan bøye dei uten at dei bryt. Sil av vatnet og klipp risnudlane slik at det er lettere å ete. Finhakk hvitlauk og sjalottlauk, kutt kinesisk vårlauk og hakk peanøtter i fine små bitar. Rens rekene og tørk dei med eit kjøkenpapir. Lag sausen ved å røre saman finhakka brunsukker, fiskesaus, vatn og limejuice. Rør til det blir oppløyst. Varm opp 1 ss olje i ei jernpanne på over middels varme, steik rekene i panna og legg dei til sides. Tilsett 2 ss olje, ha i risnudlar og steik nudlane til dei begynner å mjukne. Hell sausen over, rør og steik vidare til risnudlane er godt dekt med sausen. Steik så sjalottlauk og kvitlauk til dei er litt gyldne, og bland det saman med risnudlane. Pisk egga lett, skyv nudlane ut i kanten og hell i piska egg og steik til eggerøre og bland den saman med nudlane. Heilt til slutt kan du pynte med knuste peanøtter og servere med kinesisk graslauk og ferske bønnespirer.