Redaksjonssjef Svanhild Breidalen tok i mot prisane på vegner av lokalavisa. Kåringa skjedde under landsmøtet til Landslaget for lokalaviser (LLA) laurdag kveld. Tidlegare redaktør Erling Wåge måtte også på scena saman med Breidalen fleire gongar i løpet av kvelden då avisa vann fleire prisar.

– Ein enorm inspirasjon

Det blei ein stor kveld for Fjordenes Tidende på landsmøtet etter at dei var kåra til årets lokalavis.

– Vi er kjempeglade for å ha vunne denne fantastiske prisen. Det er eit teikn på at vi gjer noko riktig og det er ein enorm inspirasjon for å fortsette satsinga og jobben med stadig å bli betre, seier Breidalen.

Breidalen takkar alle medarbeidarar i mediehuset som står på kvar dag for å lage eit godt produkt på alle flater.

– Og ein spesiell takk til tidlegare redaktør Erling Wåge for det grunnlaget han har lagt for lokalavisa gjennom 20 år som redaktør.

I tillegg til prisen for årets lokalavis og hederleg omtale for den digitale satsinga, vann gruppa til Fjordenes Tidende også prisen for beste idé under avisfesten.

– Hardtarbeidande og kreativ

Juryen uttaler blant anna at ein hardtarbeidande redaksjon og ei kreativ salsavdeling, heia fram av inkluderande leiarar, har levert resultat som står seg mot kven det måtte vere.

Juryen rosar Fjordenes Tidende for måten dei dyrkar fram dei nye formata med podkast, streaming, studiosendingar og aktiv bruk av sosiale medium. Avisa får skryt for å prioritere nett, samtidig som papiravisa blir opplevd som eit premiumprodukt som veg tungt både i innhald og i handa. Juryen er også imponert over mangfaldet i avisa sin kjeldebruk.